Skal du feire?

Arena Utsyn har flotte og populære festlokale, og me tek gjerne inn selskap - bryllaup, konfirmasjon eller andre feiringar på Utsyn!

Når ein har selskap på Utsyn, er det både kokk og servitører inkludert, og det er mykje å velje i på menyane.

Kapasitet møtesalen:
-135 kvm pluss 35 kvm scene.
-Stolrekker til 120-130
-Langbord: ca 100 personer
-Runde bord: ca 96 personar fordelt på 12 bord

Kapasitet matsalen:
-125 kvm
- vanligvis bord til ca 80. Makskapasitet: 115-20 i E-formasjon med 5 armar.
-runde bord: Maks 80 med buffet, 96 utan buffet

Dei fleste bryllaup vel no å ha runde bord og bruker begge salane. Me har totalt 16 runde bord med plass til maks 128. Då plasserer me 12 bord i møtesal, og 4 bord bakerst i matsalen, i opninga mot møtesalen, og så er gåvebord langs vindauga i matsalen og to buffetbord bakerst i matsalen mot kjøkkenet.
Det er lydanlegg og prosjektor i begge salane.

Arena Utsyn har 21 gjesterom, og det kan være praktisk med tanke på gjester som treng overnatting i samband med selskapet.